Bustader

Stiftelsen Sosialbygget har bustader i sentrum av Vossevangen og leiger ut til pensjonistar. Er du pensjonist heimehøyrande i Voss herad, oppegåande og istand til å stella deg sjølv så er du velkomen til å søkja bustad hjå oss. Her er informasjon om dei ulike husværa.

Aktivitet og miljøtiltak på huset

Me ynskjer å gje eit variert kultur- og aktivitetstilbod, og byggja på dei ressursane som bur her. Dette fører til eit meiningsfullt innhald, struktur i kvardagen og mindre behov for anna bistand. Heilt klart eit forebyggjande arbeid.

old-friends
woman-painting

Ekstratenester i Stiftelsen Sosialbygget

Godt bumiljø og sosial tryggleik står høgt mellom dei mål me har for at Sosialbygget skal vera ein god stad å bu. Sosial og fysisk aktivitet er også viktig når ein vert eldre.

Stiftelsen Sosialbygget har 3 tilsette på aktivitet og servicegruppa.
Anne Dalland, Hege Kvarekvål og Margunn Dymbe.

Stiftelsen ynskjer å leggja vekt på trivsel og samhald på huset. Dei tilsette kan difor gje eit variert tilbod av aktivitetar, middagservering og hjelp i kvardagen etter behov. Sosialt samvær og vidlikehald av kroppen sine funksjonar er viktige stikkord for ein god alderdom.

Oversyn over aktivitetar vil til ei kvar tid hengja på oppslagstavlene i kvar etasje. I tillegg har med TV-skjermar som syner menyen i Velferdssentralen og andre aktivitetar som er på huset.

Sosialbygget er ein utleigebustad for eldre, og me legg vekt på at den enkelte skal vera mest mogleg sjølvhjelpen. Me veit likevel at alderen vil krevja sitt og sjukdom og andre ting kan inntreffa.