Utleige for overnatting, møte og festlokale

Hermannstova

Stiftelsen Sosialbygget har for utleige lyse, flotte lokale i sokkelhøgd, Hestavangen 9. Lokalet har i tillegg til ein sal, eit stort toalett m/tilkomst for rullestolbrukar, ein fullt utstyrt kjøkkenkrok med dekketøy til 30 personar.

Salen kan nyttast til overnatting, møter og feiring av dagar m.m.

Hermannstova er utstyrt med sovesofa til 2 personar, dyner og puter.

I salen er det dør ut til bakkeplan med ein innramma uteplass.

Retningsliner for utleige av Hermannstova

Nøkkel må kvitterast ut frå stiftelsen Sosialbygget sitt kontor i 3.etg. Miltzowsgt. 2.

Utleigeprisar:

  • Leigetakarar frå stiftelsen kr. 300,-
  • Korte møte kr. 300,-
  • Eksterne leigetakarar kr. 500,-
  • Overnatting kr. 500,- pr. natt.

Kontaktperson: Anne Dalland tlf. 906 20 742

Alle leigetakarar har ansvar for at lokalet ser respektabelt ut etter bruk.

 

Velferdssentralen

Stiftelsen Sosialbygget har lyse, fine møte/festlokale til leige i 3. etg. Miltzowsgate 2, etter klokka 15:00.

Dette er lokale med plass og dekketøy til 100 personar. I tillegg er det tilkomst til stor terrasse med sitte-grupper. Det er projektor i alle 3 lokala.

Nøkkel må kvitterast ut frå stiftelsen Sosialbygget sitt kontor i 3.etg. Miltzowsgate 2 før kl. 16:00. Me ynskjer å finna lokala slik me forlèt dei. Lokala skal vera rydda og vaska.

Utleigeprisar:

Arrangement som kun rettar seg mot eldre leiger gratis.

Vossastova:                            kr. 400,-

Midtrommet                          kr. 400,-

Storsal                                     kr. 500,-

Kjøkken                                   kr. 200,-

Store dagar:

Alle salar + kjøkken               kr. 2.400,-

Eit rom + kjøkken                  kr. 1.300,-

Midtrom, Vossastova + kjøkken   kr. 1.600,-

Huset sine bebuarar:

Ein enkel sal                          kr. 300,-

Kjøkken                                  kr. 100,-

Dukar:

Kr. 20,- pr. duk. Må leverast tilbake vaska og strokne/rulla.

Om du ynskjer å leiga lokale hjå oss, ta kontakt på tlf. 56 51 04 05 eller 905 22 620.