Søknad husvære

Her finn du orientering, retningsliner og søknadsskjema for å søke husvære hjå Stiftinga Sosialbygget.

Orientering

Dei fleste av husværa som er tiltenkt einslege er ca. 45m2, for par er dei ca. 65m2.

 

Stiftinga eig bygningar i Miltzowsgata 2, Uttrågata 13 og Hestavangen 9.

Totalt har Stiftinga Sosialbygget 107 husvære til utleige. Av dei er 18 tiltenkt par.

 

Husleiga er i 2026 frå kr. 9.522,- til 11.053,- per månad for enkelthusvære, og frå kr. 15.574 ,- til 16.115,- per månad for husvære tiltenkt par i Hestavangen 9. Dei fleste husvære tiltenkt par i Miltzowgata er noko rimlegare.

 

Det er ikkje innskot, men det må stillast eit depositum på frå kr. 20.000,- til kr. 40.000,-.

Dette vert gjort ved at de oppretta ein eigen konto i Voss Sparebank eller i Vekselbanken på beløpet. Kontoen skal væra sikring for rettidig betalt leige og dekning for eventuelle skadar m.v. etter husleigelova.

 

Ei eiga inntaksnemd prioriterar søkjarane og tildeling skjer i samsvar med dette. Nemda har inntaksmøte etter behov.

 

Me vil samstundes gjera merksam på at våre husvære er pensjonistbustader tiltenkt pensjonistar busett i Voss herad, og som er i stand til å stella seg sjølve i sitt eige husvære. Nødvendig hjelp må kvar einskild søkja hjå den kommunale helsetenesta.

 

Dersom det er spørsmål kring dette, så ta kontakt.

 

 

Retningsliner

Retningsliner for inntak av nye bebuarar i Stiftelsen ”Sosialbygget”.

1. I§5 i vedtektene for Stiftelsen ”Sosialbygget” heiter det:
”Førsteretten til å bu i bygget har pensjonistar i Voss”
Med bakrunn i dette så har styret bestemt at ein må ha bustadadresse i Voss kommune og ha fylt 67 år for å være ein reel søkjar til husvære i Sosialbygget.

2. Styret har slike målsettingar for dei som bur på bygget og for inntak av
nye leigetakarar:

Sosialbygget skal vera ein trygg stad å bu for leigetakarane og tilhøva skal
leggjast til rette for eit godt sosialt miljø. Ved inntak av nye bebuarar skal det difor takast omsyn til eksisterande alders- og kjønnsfordeling samt funksjonsnivå mellom dei som bur i bygget. Leigetakarar som flytter inn skal kunne greie seg sjølv.

3. Søkjaren sin økonomi vil telja med i vurderinga. Dette skal likevel ikkje
spela noko rolle dersom vedkomande er i slik tilstand at han/ho sjølv ikkje maktar
å ordna seg med alternativ bustad, og er utan nære pårørande.

4. Overordna siktemål ved inntak skal vera å betra den sosial tryggleiken og livskvaliteten for den som søkjer.

Fylgjande kriterie skal leggjas til grunn ved vurdering av inntak:

  • Vanskelege butilhøve i høve til helseplager.
  • Dårlege bustadtilhøve med omsyn til m.a. sanitære forhold.
  • Sosial isolasjon grunna manglande nære pårørande i bygda.
  • Lang veg til butikk, nabo, offentleg kommunikasjon, offentlege tenester og lignende.
  • Alle søkjarar må ha eit personleg frammøte

5. Ved ledig husvære skal inntaket avgjerast ut frå vedkomande sitt
behov og helsetilstand på tildelingstidspunktet.
Lang ventetid (ansiennitet) skal berre telja når søkjarar står likt.

6. Ei intern tildelingsliste gjeld inntil ny liste er sett opp. Dette skal normalt skje
i styrmøte ein gong i kvartalet.
Nye søkjarer skal då vurderast på lik linje med tidligare søkjarar.

Last ned dette dokumentet som pdf her.

Søk om husvære

Her finn du søknadskjema for husvære. Fyll ut og send til:

Stiftinga Sosialbygget
Miltzowsgate 2
5700 Voss