Utleige for overnatting, møte og høgtidsdagar

Hermannstova

Stiftinga Sosialbygget har for utleige lyse, flotte lokale i sokkelhøgd, Hestavangen 9. Lokalet har i tillegg til ein sal, eit stort toalett m/tilkomst for rullestolbrukar, ein fullt utstyrt kjøkkenkrok med dekketøy til 30 personar.

Salen kan nyttast til møte, dåp og konfirmasjon m.m.

I salen er det dør ut til bakkeplan med ein innramma uteplass.

Retningsliner for utleige av Hermannstova

Nøkkel må kvitterast ut frå Stiftinga Sosialbygget sitt kontor i 3. etg. Miltzowsgt. 2.

Utleigeprisar:

  • Leigetakarar frå stiftinga kr. 300,-
  • Eksterne leigetakarar kr. 500,-

Ta kontakt på tlf. 913 30 875 eller 905 22 620

Alle leigetakarar har ansvar for at lokalet ser respektabelt ut etter bruk.

 

Velferdssentralen

Stiftinga Sosialbygget har lyse, fine møtelokale til leige i Miltzowsgata 2 etter kl. 16.30. Lokala passar òg til konfirmasjon og dåp.

Dette er lokale med plass og dekketøy til 100 personar. I tillegg er det tilkomst til stor terrasse med sitte-grupper. Det er projektor i alle 3 lokala.

Nøkkel må kvitterast ut frå Stiftinga Sosialbygget sitt kontor i 3.etg. Miltzowsgata 2 før kl. 15:30 kvardagar. Me ynskjer å finna lokala slik me forlèt dei. Lokala skal vera rydda og vaska.

Utleigeprisar:

Arrangement som kun rettar seg mot eldre leiger gratis.

Vossastova:                            kr. 400,-

Midtrommet                          kr. 400,-

Storsal                                     kr. 500,-

Kjøkken                                   kr. 200,-

Store dagar:

Alle salar + kjøkken               kr. 2.400,-

Eit rom + kjøkken                  kr. 1.300,-

Midtrom, Vossastova + kjøkken   kr. 1.600,-

Huset sine bebuarar:

Ein enkel sal                          kr. 300,-

Kjøkken                                  kr. 100,-

Dukar:

Kr. 20,- pr. duk. Må leverast tilbake vaska og strokne/rulla.

Om du ynskjer å leiga lokale hjå oss, ta kontakt på tlf. 905 22 620 eller 913 30 875.