Om Stiftinga Sosialbygget

Adresse: Miltzowsgata 2, 5700 Voss

Org.nr. 971 357 479
Telefon: 56 51 04 05
Bank: 3480 07 90044

Kort info om Stiftinga Sosialbygget

Stiftinga Sosialbygget vart oppretta med oppgåve å føra opp å driva bustader for pensjonistar i Voss kommune (no Voss herad).

Stiftinga Sosialbygget er ei frittståande stifting med ansvar for sin eigen økonomi og er underlagt Lotteri og Stiftelsetilsynet.

Stiftinga har eit styre på 5 medlemer der 4 vert valde av Voss heradstyre og 1 medlem mellom bebuarane. Styret har eit sjølvstendig økonomisk ansvar i samsvar med Lov om Stiftelsar.

Bygget av 1973 (Miltzowsgt.2) var opprinneleg planlagt i 7 etasjar, men med innskot frå Kvales Legater vart det lagt til 1 etasje på 15 husvære i tillegg. 7.etasje er difor merka som Nils Kvaales Aldersbustader og inntaket til desse bustadane vert gjort av Voss herad, men dei har ellers like vilkår med alle andre i bygget.

Bygget har 72 bustader frå 4. - 8. etasje og dei tre nederste etasjane har merkantile leigetakarar. Uttrågata 13 har 24 bustader og merkantil leigetakar i 1. etasje. Hestavangen 9 har 11 nye husvære for par.

Dagleg leiar, vaktmeistertjeneste og aktivitet-og service har kontor i 3. etasje i Miltzowgata 2.

Aktivitet- og servicetilbod

Aktivitør har ansvaret for desse tilboda.

Målsettinga med aktivitetstilbodet er at flest mogleg skal halda seg i form og vera aktive. Dette ser ein som særs viktig og eit forebyggande tiltak.

I Velferdsentralen vert det servert middag alle dagar i veka.

Alle tilbod som stiftinga står for er frivillig for den enkelte og meint som eit tilbod.

Aktivitetstilboda kan du lesa meir om her. Me arrangerer også ulike festar og turar for bebuarane, sjå oppslagstavle i kvar etasje.

Me ynskjer å presisera at Stiftinga Sosialbygget ikkje er ein institusjon, men ein buplass der den enkelte i utgangspunktet skal vera i stand til å stella seg sjølv.

Den einskilde bebuar har likevel det same krav på kommunale heimehjelpsteneste og heimesjukepleie som alle andre.

Dagleg leiar

Dagleg leiar har det daglege leiaransvaret for Stiftelsen Sosialbygget.
Bjørg Djukastein er dagleg leiar.

Dagleg leiar har ansvar for alt med økonomi, kontraktar og leigeforhold. Dagleg leiar rapporterer til styret for Stiftelsen Sosialbygget.

Dagleg leiar kan kontaktast slik:
Telefon: 56 51 04 05
Mobil: 482 14 490

Styret i Stiftelsen Sosialbygget

Styret har 5 medlemer der Voss Kommunestyre nemner opp 4 og bebuarane 1 styremedlem.

Kommunen har nemnt opp:
- Sigbjørn Hauge
- Anita Haugen Gjerme
- Stein Helge Mandelid
- Siri Stuve Elvatun

Bebuarane har valt Magne Berge som sin representant.

Sigbjørn Hauge er styreleiar og Anita Haugen Gjerme er nestleiar.

Styret har ei inntaksnemnd på 3 personar som står for inntaket av nye leigetakarar.