Leige kontor på Vangen

Har du, verksemda og dine tilsette trong for nye, større, mindre eller meir eigna lokale? Sosialbygget tilbyr næringslokale tilpassa dei fleste!

Næringslivet på Voss blomstrar og utviklar seg stadig, og det fører til at mange næringslivsaktørar og offentlege verksemder opplever endra behov knytt til kontorfasilitetar. Det kan dreia seg om til dømes storleik, utforming og/eller plassering, og alle lokala våre ligg sentralt på Vangen.

Nett no har me tilgjengeleg eit areal på rundt 400 kvadratmeter. Lokalet ligg i 2 etasje i Miltzowgata 2 og er i dag utforma som cellekontor, men me byggjer om, tilpassar og justerer basert på kvar enkelt leigetakar sine behov – til dømes leige av enten heile eller berre delar av lokalet. Kva tidsperspektivet angår, så er me særs fleksible – både langtidsleige og kortare periodar som månad, veke og enkeltdagar er mogleg. Det viktigaste er at du som leigetakar hjå oss vert nøgd.

Ta kontakt med dagleg leiar Bjørg Djukastein for meir informasjon om lokala, tidspunkt for overtaking, pris og anna du måtte lura på!