Aktivitet og miljøtiltak
Ingen menneske er like, verken personlegheit, interesse eller funksjonsevne. Dette legg me vekt på i våre tilbod i Sosialbygget.
Me ynskjer å gje eit variert kultur- og aktivitetstilbod, og byggja på dei ressursane som bur her. Dette fører til eit meiningsfullt innhald, struktur i kvardagen og mindre behov for anna bistand. Heilt klart eit førebyggjande arbeid.
Målet er at flest mogeleg skal halda seg i form og vera aktive, men alle tilbod som stiftinga står for er frivillige for den enkelte.
I lista under på denne sida finn du ei oversikt over dei faste aktivitetane. I tillegg vert det arrangert ulike arrangement og turar , gjerne knytta til årstidene eller andre ting som skjer i Vossabygda.
I tillegg til alle aktivitetane på huset har me valgt å leggja vekt på middagservering for alle. Eit godt måltid varm mat i fellesskap med andre er blitt eit populært tilbod og er viktig både for kropp og sjel. Kvar dag, heile veka kan ein kjøpa middag i Velferdssentralen frå kl.12:30 - 14:30.
Faste aktivitetar
MANDAG
kl.10:00 - Yoga
kl. 10:00 - Sykling i mellombygget
kl.13:30 - Sirkeltrening
kl.14:00 - Bingo i Vossastova
Baking på ettermiddagen
TIRSDAG
kl.10:00 - Styrke og balanse med strikk
kl. 10:00 - Sykling i mellombygget
kl. 11:00 - Balansetrening
kl. 14:00 Song, andakt eller dans (sjå TV-skjerm)
ONSDAG
kl. 9:30 - Felles frukost, sjå TV-skjerm
kl. 10:00 - Sykling i mellombygget
kl.10:30 - Tur i nærmiljøet
kl.13:30 - Handarbeid i midtrom og Vossastova
kl.14:00 - Kryssord på storskjerm
TORSDAG
kl.10:30 - Høgtlesing frå Hordaland i Vossastova
kl. 13:30 - Bok-kafè i Vossastova
kl.14:00 - Biljard i Gryto
FREDAG
kl.10:00 - Styrke og balanse med strikk
kl.11:00 - Balansetrening
kl. 12:00 Sykling i mellombygget
kl. 13:30 Bowling i Gryto