Brannsikring
Styret i stiftelsen Sosialbygget har alltid prioritert brannsikring høgt.
Alle offentleg påbod er fylgde opp og me er opptekne av at alle bebuarane respekterar regelverket.
 
MERK!
1. I alle rom er det montert røyk- og brannmeldar. Alle husværa har sprinkelanlegg.
Ved røyk eller varme gjev desse signal som går direkte til vaktsentralen i Bergen og vidare til Voss brannvesen.
2. Det er brannslangar og brannsløkkeapparat i kvar etasje.
 
Me ber om at du orienterar deg om brannsikringsopplegget på huset.
 
Merk ellers:
1. Alle gangar og korridorar skal vera ryddige.
2. Rullator skal ikkje stå på gangen men takast inn i husværet.
3. Motoriserte transportmiddel skal plasserast på tilvist plass, der kan dei stå til lading.
4. Oppstår det open eld så søk å sløkkja med slange eller brannsløkkeapparat.
5. Når brannalarmen går så hald deg i husværet.
6. Heisen vil gå ned til 1.etg og stoppar der når brannalarmen vert utløyst.
 
BRANNINNSTRUKS FOR BEBUARANE I SOSIALBYGGET
1. Brann må straks varslast til brannvesenet på telefon 110
2. Når brannalarmen blir utløyst skal alle vera på romma sine, eller trekkja ut på verandaen og venta på nærare beskjed.
3. Prøv å slokke brannen med slokkeutstyr som finst i lokalet.
4. Steng dører og vindauger.
5. Når alarmklokkene slutta å ringa er faren over.
 
Vaktmeistaren


Alarm på Stiftelsen Sosialbygget
Alarmtenesta på Stiftelsen Sosialbygget gjeld brannalarm.
 
- Alle rom i bygget har røyk og brannmeldar som varslar brannvesenet når røyk og varme måtte oppstå i rommet.
 
- Alarmen går via Bergen brannvesen og så automatisk til Voss brannvern. Under normale tilhøve vilbrannmanskapa vera på bygget innan 8 minutt.
 
- Brannvesenet har tilgang til huset via eigen nykkelboks.
 
- Når vaktmeistarane er på bygget frå kl. 07:00 til kl. 14:30 vil dei få førehandsmelding og kan eventuelt kunna stoppa utrykkinga om det er ynskjeleg. Vakthavande vaktmeister vil alltid via sin telefon få melding når alarmen går, sjølv om han skulle vera utanfor huset eller på kvilande vakt.
 
- Alle som jobbar på kontora skal straks forlata arbeidsplassen når alarmen går.
Alle bebuarane skal halda seg i ro i eige husvære. Det er den sikraste plassen!
 
- Det er litt lyd når alarmen går, men dette har med tryggleiken å gjera, så då må det aksepterast.


Sprinkleranlegg på Stiftelsen Sosialbygget
- Alle husværa i Stiftelsen Sosialbygget, Miltzowsgt.2 og Uttrågata 13 og Hestavangen 9 har innstallert sprinkleranlegg for sikring ved brann.
 
- Sprinklerhovud er plassert slik at dei dekker alle rom i husværet og løyser seg ut ved oppvarming over +70 grader.
 
- Dette er ei sikring i tillegg til brann og røykmeldarar.
 

Låsing
 
TRYGGLEIK I KVARDAGEN
 
Ytterdørene i Uttrågt.13 og Hestavangen 9 skal vera stengde også på dagtid.
 
Døra i hovudbygget mot Miltzowsgata vert låst kl.19:00
 
Døra v/Kiwi, Uttrågata er stengd laurdag og sundag og og vert låst kl.17.00 på kvardagar.
Dersom det ringer på til ditt husvære må du sjekka på hustelefonen kven det er før du opnar døra.
 
Me ynskjer at alle bebuarane har husværet låst også når ein er heime.
Dette fordi me har erfaring med at uvedkomande har gått inn i husværa utan å banka på, og ting dermed har blitt borte.
 
Dørseljarar har ikkje tilgang til bygget utanom dei årlege TV-innsamlingane.


 
 


 
         Rediger