Orientering
Orientering til alle som søkjer husvære hjå Stiftelsen Sosialbygget.
 
Dei fleste av husværa tiltenkt einslege er ca. 43m2 store, for ektepar/sambuarar er dei ca. 65m2.

Stiftelsen eig bygningar i Miltzowsgt. 2, Uttrågata 13 og Hestavangen 9.

Totalt så har Stiftelsen Sosialbygget 108 husvære til utleige. Av dei er 17 tiltenkt ektepar/sambuarar.

Husleiga er i 2019 frå kr. 6.230,- til 7.440,- pr. mnd. for enkelthusvære, og frå kr.11.355,- til 12.870,- pr. mnd. for husvære tiltenkt ektepar/sambuarar på Hestavangen 9. Husvære tiltenkt ektepar/sambuarar i Miltzowsgt. 2 (Sosialbygget) er noko rimlegare.

Det er ikkje innskot, men det må stillast eit depositum på frå kr.15.000,- til kr.30.000,-.

Dette vert gjort ved at de oppretta ein eigen konto i Voss Sparebank eller i Voss Veksel- og landmandsbank på beløpet. Kontoen skal væra sikring for rettidig betalt leige og dekning for eventuelle skadar m.v. iflg. husleigelova.
 
Ei eiga inntaksnemd prioriterar søkjarane og tildeling skjer i samsvar med dette. Nemda har 4 inntaksmøter i løpet av året. For 2019 er datoane: 19.mars/11.juni/3.september/3.desember.
 
Me vil samstundes gjera merksam på at våre husvære er pensjonistbustader tiltenkt pensjonistar busett i Voss kommune, og som i hovudsak er i stand til å stella seg sjølve i sitt eige husvære. Nødvendig hjelp må kvar einskild søkja hjå den kommunale helsetenesta.
 
Dersom det er spørsmål kring dette, så ta kontakt.
 
Last ned dette dokumenter som pdf her.


Retningslinjer
Retningslinjer for inntak av nye bebuarar i Stiftelsen ”Sosialbygget”

1. I§5 i vedtektene for Stiftelsen ”Sosialbygget” heiter det:
”Førsteretten til å bu i bygget har pensjonistar i Voss”
Med bakrunn i dette så har styret bestemt at ein må ha bustadadresse i Voss kommune
og ha fylt 67 år for å være ein reel søkjar til husvære i Sosialbygget.

2. Styret har slike målsettingar for dei som bur på bygget og for inntak av
nye leigetakarar:
Sosialbygget skal vera ein trygg stad å bu for leigetakarane og tilhøva skal
leggjast til rette for eit godt sosialt miljø. 
Ved inntak av nye bebuarar skal det difor takast omsyn til eksisterande
alders- og kjønnsfordeling samt funksjonsnivå mellom dei som bur i bygget 
Leigetakarar som flytter inn skal kunne greie seg sjølv.
 
3. Søkjaren sin økonomi vil telja med i vurderinga. Dette skal likevel ikkje
spela noko rolle dersom vedkomande er i slik tilstand at han/ho sjølv ikkje maktar
å ordna seg med alternativ bustad, og er utan nære pårørande.
 
4. Overordna siktemål ved inntak skal vera å betra den sosial tryggleiken og livskvaliteten
for den som søkjer.
Fylgjande kriterie skal leggjas til grunn ved vurdering av inntak:
  • vanskelege butilhøve i høve til helseplager.
  • dårlege bustadtilhøve med omsyn til m.a. sanitære forhold.
  • sosial isolasjon grunna manglande nære pårørande i bygda.
  • lang veg til butikk, nabo, offentleg kommunikasjon, offentlege tenester og lignende
  • alle søkjarar må ha eit personleg frammøte
5. Ved ledig husvære skal inntaket avgjerast ut frå vedkomande sitt
behov og helsetilstand på tildelingstidspunktet.
Lang ventetid (ansiennitet) skal berre telja når søkjarar står likt.
 
6. Ei intern tildelingsliste gjeld inntil ny liste er sett opp. Dette skal normalt skje
i styrmøte ein gong i kvartalet.
Nye søkjarer skal då vurderast på lik linje med tidligare søkjarar.

Last ned dette dokumentet som pdf her.


Søknadsskjema husvære
 Søknadsskjema for husvære finn du her.

 
 


 
         Rediger