Om Stiftelsen Sosialbygget
Adresse: Miltzowsgate 2, 5700 Voss

Org.nr. 971 357 479
Telefon: 56 51 04 05
Bank: 3480 07 90044

Kort info om stiftelsen Sosialbygget:

Stiftelsen Sosialbygget vart oppretta med oppgåve å føra opp å driva pensjonistbustader i Voss kommune.

Stiftelsen Sosialbygget er ein frittståande stiftelse med ansvar for sin eigen økonomi og er underlagt Lotteri og Stiftelsetilsynet.

Stiftelsen har eit styre på 5 medlemer der 4 vert valde av Voss kommunestyre og 1 medlem mellom bebuarane. Styret har eit sjølvstendig økonomisk ansvar i samsvar med Lov om Stiftelsar.

Bygget av 1973 (Miltzowsgt.2) var opprinneleg planlagt i 7 etasjar, men med innskot frå Kvales Legater vart det lagt til 1 etasje på 15 husvære i tillegg. 7.etasje er difor merka som Nils Kvaales Aldersbustader og inntaket til desse bustadane vert gjort av Voss kommune, men dei har ellers like vilkår med alle andre i bygget.

Bygget har 73 bustader frå 4. - 8. etasje og dei tre nederste etasjane har merkantile leigetakarar. Uttrågata 13 har 24 bustader og merkantil leigetakar i 1.etasje. Hestavangen 9 har 11 nye husvære for ektepar/sambuarar.

Dagleg leiar, vaktmeistertjeneste og aktivite-og service har kontor i 3.etg. 

Aktivitet- og servicetilbod

Aktivitør Anne Dalland har ansvaret for desse tilboda.

Målsettinga med aktivitetstilbodet er at flest mogleg skal halda seg i form og vera aktive. Dette ser ein som særs viktig og eit forebyggande tiltak.

I Velferdsentralen vert det servert middag alle dagar i veka.

Alle tilbod som stiftelsen står for er frivillig for den enkelte og meint som eit tilbod.

Aktivitetstilboda kan du lesa meir om her. Me arrangerer også ulike festar og turar for bebuarane, sjå oppslagstavle i kvar etasje.

Styret ynskjer å presisera at stiftelsen Sosialbygget ikkje er ein institusjon, men ein buplass der den enkelte i utgangspunktet skal vera i stand til å stella seg sjølv.

Den einskilde bebuar har likevel det same krav på kommunale heimehjelpsteneste og heimesjukepleie som alle andre.


Dagleg leiar
Dagleg leiar har det daglege leiaransvaret for stiftelsen Sosialbygget.
Ove Jørgen Mørkve har i dag dette ansvaret.
 
Dagleg leiar har ansvar for alt med økonomi, kontraktar og leigeforhold.
Denne personen rapporterer til styret for Stiftelsen Sosialbygget.
 
Dagleg leiar kan kontaktast slik:
Telefon: 56 51 04 05
Mobil: 91 51 32 25
 

Styret i Stiftelsen Sosialbygget
 
Styret har 5 medlemer der Voss Kommunestyre nemner opp 4 og bebuarane 1 styremedlem.
 
Kommunen har nemnt opp:
- Nils Tveite
- Karethe Lunde
- Stein Helge Mandelid
- Torunn L. Ringheim.
 
Bebuarane har valt Birger Berge som sin representant.
 
Nils Tveite er vald til styreleiar og Torunn L. Ringheim er vald til nestleiar.
 
Styret har valt ei inntaksnemnd på 3 personar og det er:
Torunn L. Ringheimn (leiar), Karethe Lunde og lege Richard Jacobsen.

 
 


 
         Rediger