Aktivitet og miljøtiltak på huset
Ingen menneske er like, verken personlegheit, interesse eller funksjonsevne. Dette legg me vekt på i våre tilbod i Sosialbygget.

Me ynskjer å gje eit variert kultur- og aktivitetstilbod, og byggja på dei ressursane som bur her. Dette fører til eit meiningsfullt innhald, struktur i kvardagen og mindre behov for anna bistand. Heilt klart eit forebyggjande arbeid.

 

Målet er at flest mogeleg skal halda seg i form og vera aktive, men alle tilbod som stifltelsen står for er frivillige for den enkelte.

 
I lista under på denne sida finn du ei oversikt over dei faste aktivitetane. I tillegg vert det arrangert ulike arrangement og turar , gjerne knytta til årstidene eller andre ting som skjer i Vossabygda.

I tillegg til alle aktivitetane på huset har me valgt å leggja vekt på middagservering for alle. Eit godt måltid varm mat i fellesskap med andre er blitt eit populært tilbod og er viktig både for kropp og sjel. Kvar dag, heile veka kan ein kjøpa middag i Velferdssentralen frå kl.11:30 - 13:30.


AKTIVITETAR I HUSET
MANDAG
kl.10:00 - Biljard i Gryto
kl.13:00 - Styrke og balanse i trimrommet, 3.etg.
kl.14:00 - Trening, kaffi og "ekstraspel"

TIRSDAG
kl.10:00 - Sangstund i Vossastova

ONSDAG
kl.10:30 - Tur i nærmiljøet
kl.13:30 - Handarbeid på stova i 3.etg
kl.14:00 - Kryssord i Vossastova

TORSDAG
kl.10:00 - Baking på trimrommet, 3.etg.
kl.14:00 - Biljard i Gryto

FREDAG
kl.10:15 - Styrke og balansetrening i trimrommet 3.etg.
kl.11:00 - Bingo i midtrommet, 3.etg.
kl.13:30 - Bowling i Gryto

 

Ekstratenester i stiftelsen Sosialbygget.
Godt bumiljø og sosial tryggleik står høgt mellom dei mål me har for at Sosialbygget skal vera ein god stad å bu. Sosial og fysisk aktivitet er også viktig når ein vert eldre.

Stiftelsen Sosialbygget har 3 tilsette på aktivitet og servicegruppa.
Anne Dalland, Hege Kvarekvål og Margunn Dymbe..

Stiftelsen ynskjer å leggja vekt på trivsel og samhald på huset. Dei tilsette kan difor gje eit variert tilbod av aktivitetar, middagservering og hjelp i kvardagen etter behov. Sosialt samvær og vidlikehald av kroppen sine funksjonar er viktige stikkord for ein god alderdom.

Oversyn over aktivitetar vil til ei kvar tid hengja på oppslagstavlene i kvar etasje. I tillegg har med TV-skjermar som syner menyen i Velferdssentralen og andre aktivitetar som er på huset.

Sosialbygget er ein utleigebustad for eldre, og me legg vekt på at den enkelte skal vera mest mogleg sjølvhjelpen. Me veit likevel at alderen vil krevja sitt og sjukdom og andre ting kan inntreffa.


 
 


 
         Rediger